Eg kjøpte tredemølle i midten av november (Sportsmaster T55i) og gjennomfører snart økt nr 30 på denne. Formen begynner å bli stigande, eg har blitt kjend med mølla og min eigen kropp og eg gler meg over at treningsgleda er stadig aukande. Eg har nettopp meldt meg på halvmaraton i april og har dermed eit mål å jobbe mot.
Med tre små ungar kjem eg meg på langt nær ut så ofte som eg skulle ønske. Derfor kjem eg til bruke den nye mølla mi flittig, og det kan vera greit å vite litt om kva erfaringar andre har gjort seg knytta til det å løpe mykje på mølle - og korleis forskjellen er i forhold til barmarksløping.
1) Eg har lese frå andre at det er lettare å løpe på mølle enn ute, og at du må ha 1% stigning på mølle for å få tilsvarande motstand som flatt ute og for å kompensere for ujamnt underlag. Dette høyres fornuftig ut. Men gitt at ein løper 10 km på ein time på mølle, med 1-2% stigning; korleis vil dette vera samanlikna med å løpe i samme tempo i kupert terreng - der ein vil få nedoverbakkar å "kvile" i eller løpe fortare i (og motsatt oppover). Det er jo litt tungt å holde ein jamn fart oppe på flat mark over tid også...
2) Ettersom eg kan justere hardheten i underlaget på mølla; kva bør eg legge vekt på når eg skal velge om det skal vera mjukt eller hardt?
3) Kva type sko bør ein velge på tredemølle? Foreløpig har eg mine Nike kjøpt på Løplabbet etter ein mølletest, men eg trenger nokre nye sko no. Då er det spørsmål om kva eg skal legge vekt på. Har tenkt litt på om eg burde valgt nokre som tvingar meg litt meir fram på foten (forfotsko?) - men samtidig må eg sørge for at eg ikkje velger nokon som har så dårleg demping at eg kan få belastningsskader...
4) Ettersom eg bruker mølla mykje (nær ein time dagleg) ynskjer eg å vokte meg for belastningsskadar. Er det nokon som har gode erfaringar med forebygging? Er det nokon openbare feil eg bør passe meg for?
Har sikkert fleire spørsmål etterkvart, men eg set pris på om nokon kan bistå med å svare på desse
