Tredemølle vs uteløping - kva er forskjellen?

Det klassiske møtested for alle som driver kondisjonstrening
pumaen
Innlegg: 11
Registrert: 20 des 2013 11:16

Tredemølle vs uteløping - kva er forskjellen?

Legg innav pumaen » 20 des 2013 11:45

Ein nybegynnar på har spørsmål til erfarne brukarar av tredemølle!

Eg kjøpte tredemølle i midten av november (Sportsmaster T55i) og gjennomfører snart økt nr 30 på denne. Formen begynner å bli stigande, eg har blitt kjend med mølla og min eigen kropp og eg gler meg over at treningsgleda er stadig aukande. Eg har nettopp meldt meg på halvmaraton i april og har dermed eit mål å jobbe mot.

Med tre små ungar kjem eg meg på langt nær ut så ofte som eg skulle ønske. Derfor kjem eg til bruke den nye mølla mi flittig, og det kan vera greit å vite litt om kva erfaringar andre har gjort seg knytta til det å løpe mykje på mølle - og korleis forskjellen er i forhold til barmarksløping.

1) Eg har lese frå andre at det er lettare å løpe på mølle enn ute, og at du må ha 1% stigning på mølle for å få tilsvarande motstand som flatt ute og for å kompensere for ujamnt underlag. Dette høyres fornuftig ut. Men gitt at ein løper 10 km på ein time på mølle, med 1-2% stigning; korleis vil dette vera samanlikna med å løpe i samme tempo i kupert terreng - der ein vil få nedoverbakkar å "kvile" i eller løpe fortare i (og motsatt oppover). Det er jo litt tungt å holde ein jamn fart oppe på flat mark over tid også...

2) Ettersom eg kan justere hardheten i underlaget på mølla; kva bør eg legge vekt på når eg skal velge om det skal vera mjukt eller hardt?

3) Kva type sko bør ein velge på tredemølle? Foreløpig har eg mine Nike kjøpt på Løplabbet etter ein mølletest, men eg trenger nokre nye sko no. Då er det spørsmål om kva eg skal legge vekt på. Har tenkt litt på om eg burde valgt nokre som tvingar meg litt meir fram på foten (forfotsko?) - men samtidig må eg sørge for at eg ikkje velger nokon som har så dårleg demping at eg kan få belastningsskader...

4) Ettersom eg bruker mølla mykje (nær ein time dagleg) ynskjer eg å vokte meg for belastningsskadar. Er det nokon som har gode erfaringar med forebygging? Er det nokon openbare feil eg bør passe meg for?

Har sikkert fleire spørsmål etterkvart, men eg set pris på om nokon kan bistå med å svare på desse :)

Brukeravatar
Gunnar Bruun
Innlegg: 184
Registrert: 18 jan 2010 22:19
Sted: Harstad

Re: Tredemølle vs uteløping - kva er forskjellen?

Legg innav Gunnar Bruun » 21 des 2013 03:21

En del møller kommer med en 1% stigning innebygd, så det er ikke noe automatikk i at du må sette den på det selv. (min T70 har det)
Gulvet der du har den kan også være skjevt, og det kan påvirke. Mange tenker ikke over den.
Og fart er så forskjellig fra mølle til mølle at det ikke bør fokuseres for mye på.

Du vil aldri få helt klarhet i hvordan farten på møllen er i forhold til å løpe ute, men jeg mener det ikke er så viktig.
Finn ut hvilken fart du føler er rolig-langtur-fart, intervallfart, terskelfart...osv...på akkurat den møllen og gå ut ifra det.

Ang. demping så gjør jeg som når jeg løper ute. Av og til på mykt underlag og av og til på hardt.
Inne velger jeg mykt på roligøkter og hardt på intervalløkter.

pumaen
Innlegg: 11
Registrert: 20 des 2013 11:16

Re: Tredemølle vs uteløping - kva er forskjellen?

Legg innav pumaen » 21 des 2013 18:33

Ok, takk for svar.

Golvet mitt er heilt nytt og heilt plant, men eg skal sjekke med vater om mølla står flatt.

Eg har ein filosofi om at eg ynskjer å gjera det tyngre å trene på mølle enn å løpe ute, så det gjer ikkje så mykje om eg har litt stigning uansett. Ettersom eg trener mykje på mølle vil eg at det skal opplevast som ein opptur å komme ut :-)

T55 skal vera veldig lik T70, med tanke på løpeflate. Det er motor og konsoll som er ulik, har eg forstått. Så då er den vel sannsynligvis autoinnstilt på 1%, skulle eg tru...

padde
Innlegg: 186
Registrert: 09 feb 2010 20:10

Re: Tredemølle vs uteløping - kva er forskjellen?

Legg innav padde » 22 des 2013 17:06

Uteløping gir opplevelse, tredemølle blir kjedelig. Dette er vel kanskje den største forskjellen.?
Tredemøllen er nok heller skadeforebyggende, men den er noe ensidig og gir ikke den variasjonen uteløping gir,- litt avhengig av hvor du løper selvsagt. Uansett bør du passe litt ekstra godt på i overgangen inne- ute, men her som alltid gjelder det at de som trener mest er skadet minst;)

pumaen
Innlegg: 11
Registrert: 20 des 2013 11:16

Re: Tredemølle vs uteløping - kva er forskjellen?

Legg innav pumaen » 30 des 2013 10:30

Veldig vanskelig å vera uenig i det du seier Padde. Uteløping er heilt klart å foretrekke. Likevel er eg for min del overraska over kor motiverande det er å ha ei tredemølle i hus. Det gir muligheten for å ta dei øktene eg ellers ikkje ville tatt, og muliggjer ei heilt anna forbedring av formen enn kva eg tidlegare har klart - i ein travel kvardag med full jobb og småbarn å ha ansvar for.

I jula har eg fått tid til å ha nokre turar ute, og mi erfaring er at det å venne seg til med inneløping med litt stigning (ca 2%) gjer at det kjennes vesentlig lettare å løpe når ein kjem seg ut. Det er rett og slett lettare å holde farten. Men det må understrekast at eg har lite erfaring med løping, utover nokre standard joggeturar langs vegen...


Gå tilbake til «Kondisjonsforum»

Hvem er online

Brukere i dette forumet: Ingen registrerte brukere og 12 gjester