Terrengjoggesko på våt stein

Det klassiske møtested for alle som driver kondisjonstrening
Fjellmannen
Innlegg: 5
Registrert: 12 nov 2015 07:29

Re: Terrengjoggesko på våt stein

Legg innav Fjellmannen » 12 nov 2015 22:07

Har prøvd alle dei omtalte terrengskoa og nokre til. Best gripeevne på våt stein er VJ Irock, men litt i tyngste laget som konkurranseko og i tillegg er den litt ustabil når det går fort nedover. Inov-8 X-talon 190 holdt ikkje det den lova med tanke på friksjon mot våt stein, i tillegg pakkar det seg ofte mold/gjørme mellom knastane som gjer den ekstra glatt. Den beste konkurranseskoen for motbakkeløp meiner eg er LaSportiva Vertical men det er desverre ein utgått modell, og etterfølgaren Helios er både tyngre og har dårlegare gripeevne på vått glatt berg. Fordelen med Helios er at den er litt meir stabil og ein glimrande treningssko, samt eit trygt valg i dei fleste motbakketrasseàr. Skal ein verkeleg ha den lettaste skoen må ein vurdere Saucony Kilkenny som ikkje veg meir enn 165 gram. Er det ikkje altfor bratt oppover og relativt tørt er denne suveren, men det er ikkje ein slitesterk sko. Også Saucony Virrata 2 er ein svært lett sko som kan brukast i terrenget der det er opparbeidd sti sjølv om det er ein asfaltsko.


Gå tilbake til «Kondisjonsforum»

Hvem er online

Brukere i dette forumet: Majestic-12 [Bot] og 8 gjester